Hydrogen og ammoniakk i shipping

Enova har per dags dato støtta prosjekt innan hydrogen og ammoniakk i den maritime sektoren med ein samla sum på 2,2 milliardar kroner. 

 

Enova styrkar på nytt prosjekt innan hydrogen og ammoniakk og varslar lansering av fire nye støtteprogram i løpet av 2024. Støtteprogramma gir aktørane innan den maritime sektoren moglegheit til å konkurrere om investeringsstøtte på opptil 80 % av dei godkjente meirkostnadane ved investering i eit prosjekt, noko som i praksis kan utgjere støtte på opptil 300 millionar kroner.

Enova og støtteprogramma

Omstillinga av den maritime sektoren er ein av Enova sine prioriterte satsingsområde. Enova er eit statsføretak eigd av klima og miljødepartementet som arbeidar for Noreg si omstilling til eit lavutsleppssamfunn. Den 13. desember 2023 offentleggjorde Enova at dei styrkar verkemidla for produksjon og infrastruktur for hydrogen og ammoniakk i løpet av 2024. Målet med satsinga er å byggje grunnmuren for hydrogen og ammoniakk som klimaløysingar i maritim sektor.

Støtteprogramma som lanserast er;

  • «Hydrogen i fartøy»
  • «Ammoniakk i fartøy»
  • «Hydrogenknutepunkter»
  • «Ammoniakkinfrastruktur»

Ammoniakk eller hydrogen som drivstoff i fartøy

«Hydrogen i fartøy» og «Ammoniakk i fartøy» angår støtte til dei aktørane som vil ta i bruk ammoniakk eller hydrogen som drivstoff i fartøy. Berre kostnader til prosjekt knyt direkte til fartøyet / fartøya vil vere godkjent. Investeringsstøtta skjer gjennom konkurranse i tråd med rammene for såkalla «competitive bidding». Denne konkurranseordninga er definert i det europeiske gruppeunntaket for statsstøtte (GBER).

Søkjaren må oppfylle alle kvalifikasjonskrava som krevjast for å søkje, og i tillegg overhalde alle dei formelle vilkåra knyt til søknaden og søknadsprosessen. Alle prosjektsøknader som oppfyller kvalifikasjonskriterium, vil bli rangert etter to rangeringskriterium:

  1. Kostnadseffektivitet (vekt 70 %)
  1. Prosjektmodnad (vekt 30 %)

Søknadsfristen for programma «Hydrogen i fartøy» og «Ammoniakk i fartøy» er 15. mars 2024 kl. 12.00. Det vil allereie opnast for søknadar i månadsskiftet januar/februar. Meir informasjon om programma er tilgjengeleg på Enovas nettsider her.

Produksjon og infrastruktur til hydrogen og ammoniakk

Programmet «Hydrogenknutepunkter» siktar seg inn mot produksjon og bunkring av hydrogen langs kysten, medan  «Ammoniakkinfrastruktur» rettar seg mot infrastruktur for lagring og bunkring av ammoniakk.  Begge innrettast som konkurranse med kostnadseffektivitet som viktigaste kriterium.

Programkriteria for «Ammoniakkinfrastruktur» vil bli lagt ut for innspel frå markedsaktørane i løpet av hausten 2024, medan programkriteria for «Hydrogenknutepunkter» er venta allereie i første kvartal av 2024 med planlagt søknadsfrist på førsommaren eller tidleg haust 2024.

Utfordingar med hydrogen og ammoniakk som drivstoff

Hydrogen og ammoniakk som drivstoff om bord fartøy er framleis under forsking og nokre av utfordringane knyt til bruken av stoffa er blant anna at;

  • Hydrogen og ammoniakk er dyrare enn fossilt brensel. Enova-sjef Nils Kristian Nakstad har sjølv uttalt at det særleg er «en utfording at de grønne drivstoffene, hydrogen og ammoniakk, fremdeles blir vesentlig dyrere enn de fossile
  • Infrastrukturen og tilgangen på hydrogen og ammoniakk langs den norske kysten er på eit nullpunkt og må byggjast opp for at logistikken skal gå opp.
  • Hydrogen og ammoniakk er meir krevjande å transportere over lenger distansar og krev større lagringsplass enn fossilt brensel, noko som igjen steler av fraktevolumet til fartøya.
  • Hydrogen er eksplosjons- og brannfarleg, men ikkje giftig, medan ammoniakk er ein giftig, og eksplosjons- og brannfarleg gass. Dette understrekar behovet for eit regelverk for lagring og handtering gjennom heile verdikjeda og om bord på fartøyet / fartøya. Det vil også bli viktig å byggje opp kompetanse for å handtere sikkerheitsaspekta ved bruk av ammoniakk og hydrogen som drivstoff på ein forsvarleg måte.

SANDS Blue

Felles for selskaper med virksomhet knyttet til sjø og hav er at de har behov for rådgivning innenfor en rekke juridiske fagfelt. Dette kan mange advokatfirmaer tilby. SANDS kan i tillegg tilby noe mer. Med kontor i seks av de største kystbyene, kjenner vi næringene fra innsiden. Vi kjenner både utfordringene og problemstillingene som havnæringene møter, og hvilket handlingsrom som finnes innenfor regelverket.

På denne siden kan du finne informasjon om juridiske problemstillinger som er særlig aktuelle for de "blå" næringene.